Artikkeldetaljer

 

09.03.2015

Fjell kyrkjelyd er Foldnes, Fjell og Landro kyrkjer.

Det er ein livskraftig kyrkjelyd i Den Norske Kyrkja. Kyrkjelyden gjev tilbod til born, ungdom, vaksne og eldre. Både uløna og løna medarbeidarar seier ja til visjonen: "Saman vil vi ære Den treeinige Gud ved å forkynna Kristus, byggje kyrkjelydar og fremja rettferd".

Fjell kyrkjelyd i Fjell sokn i Vesthordland prosti

Fjell kyrkjelyd er det same som Fjell sokn, som er ein del av Vesthordland prosti. Soknet har samanfallande grenser med Fjell kommune, og har, som nemnt over, tre kyrkjer; Fjell kyrkje, Foldnes kyrkje og Landro kyrkje. I kvar av dei tre kyrkjene har soknerådet oppretta eit kyrkjelydsutval.

Kyrkjelydsutvala

Kyrkjelydsutvala er soknerådet sin forlenga arm inn i dei tre lokale kyrkjelydane. Dei hjelper mellom anna til med praktiske ting i samband med særskilte gudstenester og arrangement.

Vi vonar du finn deg vel til rette i våre kyrkjer og i dei ulike tilboda vi har. Vel møtt!