Velkommen som konfirmant!

Det er veldig kjekt å kunne ønskje deg velkommen som konfirmant i Fjell kyrkjelyd!
Så flott at du har valt å bruke neste år på å vere konfirmant! Vi håpar du vil få mange gode opplevingar, samtalar og inntrykk gjennom denne tida, og gler oss til eit spanande og meiningsfullt år saman med deg.

E-post med kvittering for registrering er sendt til konfirmanten og foreldre/føresette sine e-postadresser. Dersom desse ikkje har komme fram, ta kontakt med Beate Sørhus for å sjekke at det er skrive inn rett adresse.

Me vil nytte anledninga til å gje litt praktisk informasjon:
Først av alt minner me om T14-dagen i kyrkja di 6. september kl. 18.00. De vil få ein invitasjon til T14-dagen i posten i midten av august. Både konfirmantar og foreldre er inviterte til T14. Dette blir ein flott start på konfirmantåret!

Semesterplan for undervisninga du skal delta på vil bli sendt ut i midten av august, og undervisninga startar i september.

Presentasjonsgudstenestene vil vere på søndagar i september.
Dersom de treng å bytte dag, så ta gjerne kontakt.

Fjell kyrkje   
Søndag 18. september kl. 11.00: For konfirmantar tilhøyrande Ekerhovd, Tellnes og Kolltveit krins.
Søndag 25. september kl. 11.00: For konfirmantar tilhøyrande Algrøy, Skålevik, Syltøy, Knappskog og Ulveset krins.

Foldnes kyrkje    
Søndag 11. september kl. 11.00: For konfirmantar tilhøyrande Brattholmen, Bjorøy og Hjelteryggen krins.
Søndag 18. september kl. 11.00: For konfirmantar tilhøyrande Foldnes og Liljevatnet krins.         

Landro kyrkje    
Søndag 25. september kl. 11.00: For konfirmantar tilhøyrande Spjeld, Landro, Misje og Ågotnes krins.

Kjenner du nokon som skal vere konfirmant i år, men ikkje har registrert seg enno? Be dei registrere seg på nettsida snarast!

På nettsidene våre vil du alltid finne oppdatert informasjon om kva som skjer, både konfirmantopplegget og resten av kyrkja sitt arbeid. Er det ellers noko de lurer på kan de ta kontakt med oss på e-post eller telefon.

For konfirmantlærarane i Fjell kyrkjelyd

Beate Sørhus
Kyrkjelydspedagog i Fjell kyrkjelyd

E-post: beate.sorhus@fjell.kommune.no
Telefon: 55 09 74 63