Korleis fylle ut dåpspåmeldingsskjema

PÅMELDING TIL DÅP

For å starte utfyllinga, treng du eit personnummer. Dersom du ikkje har  personnummeret til barnet som skal døypast, kan du bruke ditt eige personnummer. Du vil motta ein kode på sms for å gå vidare i prosessen.
 
Klikk på "Ny registrering" og vel kyrkje og dato som du ønskjer dåp (det er kun mogleg å velje ein dato). Dersom de enno ikkje har bestemt namn på barnet, eller det er andre opplysningar de enno ikkje har klar, kan de likevel sende påmeldinga. Dersom det er ledig plass i den kyrkja og på den datoen de har ønskt, vil de etter nokre dagar få sms og e-post frå Fjell kyrkjekontor om at dåpspåmelding er stadfesta. Dersom de ønskjer å endre dåpsdato, må de kontakte kyrkjekontoret. 
 
Etter at dato for dåpen er stadfesta på sms og e-post frå Fjell kyrkjekontor, kan de gå til "Eg vil opne ei registrering", og oppdatere innhald med til dømes fadrar. Bruk same person - og telefonnummer som ved første innlogging.

PÅMELDING TIL DÅPSKURS
Når du har fylt ut dåpspåmeldingsskjemaet, skal du melde deg på til dåpskurs. Du vert automatisk vidareført til skjemaet for påmelding til dåpskurs, når dåpspåmeldingsskjema er ferdig utfylt. Opplysningane frå dåpspåmelding vert ikkje overført til dåpskurspåmelding, og må difor skrivast på nytt.
 
Dåpskurset er obligatorisk, og du skal melde deg på eit dåpskurs som er før dåpen. Dåpskurset er for foreldre/føresette. Du kan ha med barnet/barna dine. Fadrar er ogå velkomne.
Vi ønskjer at ein melder seg på eit dåpskurs som er i den kyrkja ein skal ha dåp, dersom mogleg.
 
DÅP I EI ANNA KYRKJE
Dersom du ønskjer dåp i ei anna kyrkje enn i Fjell, Foldnes eller Landro, må du melde deg til dåp i den kyrkja det gjeld.  Du skal likevel delta på dåpskurs her i Fjell. Du melder deg på dåpskurs her

Dersom du skal ha dåp i Fjell, Foldnes eller Landro, men høyrer til i ei anna kyrkje, skal du avtale dåpssamtale med kyrkjekontoret der du bur. Hugs å velje alternativet "Avtalt dåpskurs annan stad", når du fyller ut dåpskurspåmelding.

PÅMELDING TIL T1 BABYSONG
Når du har fylt ut påmelding til dåpskurs, kan du melde deg på T1 Babysong. Du vert automatisk vidareført til skjemaet for påmelding til babysong, når dåpskurspåmelding er ferdig utfylt. Opplysningane vert ikkje overført, og må difor skrivast på nytt. Om du ikkje ønskjer å vere med på Babysong, klikkar du deg ut av skjemaet.
 
Ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf. 55 09 74 40 dersom du har spørsmål, eller send ein e-post til post.kyrkja@fjell.kommune.no.
 
 

 

 


 

Ønskje om dåp