Korleis fylle ut dåpspåmeldingsskjema
Personnummer
For å starte utfyllinga, treng de eit personnummer.
Dersom de ikkje har personnummeret til barnet som skal døypast, kan de bruke ditt eige personnummer.
De vil motta ein kode på sms for å gå vidare i prosessen.
Slik melder du til dåp
- Ny registrering
- Kryss av for kyrkje og dato
- Opne skjema for utfylling. Det trengs kun fullt navn på fadrar.
- Send skjema
Registrering kan opnast for redigering fram til dåpskurs/dåpssamtale.
Då brukar de: Eg vil opne ei registrering
Dersom det er ledig plass i den kyrkja og datoen de ønskjer, vil de få e-post frå kyrkjekontoret om at dåpspåmelding er stadfesta.
NB! Dersom de ønskjer å endre dåpsdato, må de kontakte kyrkjekontoret.
Opplysningane som vi innsamler i forbindelse med dåpen vil verta benytta i forbindelse med oppføljing av dåpen.
Dåpskurs og dåpssamtale
Alle som skal ha dåp, må ha dåpskurs eller dåpssamtale før dåpen.
Har de bustad i Sund eller i Hjelme og Blomvåg, har de dåpssamtale med presten i Sund kyrkje eller presten på kyrkjekontoret på Rong.
Administrasjonen på kyrkjekontoret tek kontakt med dykk for å avtale samtale etter påmelding til dåp.
I Fjell, Foldnes eller Landro er det dåpskurs. Der melder de dykk på dåpskurs i den kyrkja de skal ha dåp.
Dåpskurset varer ca. ein time. Dåpskurset er for foreldre/føresette. De kan ha med barnet/barna dine. Fadrar er også velkomne.
Du melder deg på dåpskurs her.
Dersom de skal ha dåp i Øygarden, men har bustadadresse ein annan stad, skal du avtale samtale med kyrkjekontoret der du bur.
Dåp i ei anna kyrkje
Dersom du ønskjer dåp i ei kyrkje som ikkje er i Øygarden, må du melde deg til dåp i den kyrkja det gjeld.
Du skal likevel delta på dåpskurs/dåpssamtale her i Øygarden. Du melder deg på dåpskurs her.
Tilhøyrer du Sund sokn eller Hjelme og Blomvåg sokn, tek de kontakt med kyrkjekontoret på e-post eller telefon for å avtale dåspssamtale.
Babysong
Det er babysong i alle sokn. Les meir på nettsida vår: kyrkja.no/oygarden/babysong
Har du spørsmål?
Ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf. 400 03 316 eller send ein e-post til post.oygarden@kyrkja.no